
Kanskje har du ein ide til korleis korpset ditt både kan glede andre med musikk og samtidig gje pengar i kassa til korpstur? Sit du i ei velforeining så kan ei samlingsstund med historie forteljing rundt bålpanna vere eit tiltak? Eller kanskje har du ide til ein vikingfestival, konsert eller skalde kveld?
Har du lyst til å bidra inn i ei prosjektgruppe og ta større ansvar?
Har du lyst til å jobbe som frivillig?
Send oss forslag til aktivitet på din heimstad, på din skule eller i ditt nærmiljø. Her finst det ingen dårlege idear eller dumme forslag. Send inn dine forslag til
post@valldal2029.no
Kjenner du til eit heilt lokalt Olavssegn eller landemerke som du ikkje finn i den digitale Olavskjelda? Send inn tipset ditt,og hjelp oss vidare med innsamling av data.
Forside - Den digitale olavskilden
Vi skal i 2026 sette i gang eit prosjekt for born og unge med utgangspunkt i teater, tablå, rollespel og musikk der tema er folketradisjon gjennom tusen år. Prosjektet har fått støtte frå TEFT (Sparebanken Møre) og er under utvikling.
Prosjektet har søkt om midlar for å kunne gjennomføre matverkstadar via Bygdekvinnelaga i Møre og Romsdal slik at born og unge får meir kunnskap om mattradisjonar og korleis ein kan lage god mat basert på naturen sitt eige matkammer.
Prosjektet har fått støtte frå TEFT (Sparebanken Møre) og er under utvikling.