Fjordutsikt fra Valldal

Folketradisjon og Olavsarven som del av Noreg i 1000 år

Valldal 2029 er Møre og Romsdal fylke sitt bidrag til det nasjonale jubileet Noreg i 1000 år.

‍
I 2029 er det tusen år sidan Olav Haraldsson flykta innover fjordane på Sunnmøre. Ifølgje Snorre sine kongesoger gjekk han i land i Valldal og flykta vidare til fots opp gjennom dalen og over fjellet.
‍
Denne soga har vore fortald i mange generasjonar. Ho lever framleis fordi ho knyter saman historie, stad og menneske.

Foto Hyke Studio

Folkefest i heile Møre og Romsdal

Vi skal også skape folkefest i heile Møre og Romsdal.

Frå 6.–10. juni 2029 inviterer vi store og små til feiring på tvers av bygder og byar.
‍
Målet er å løfte fram det som gjer kvar stad unik, og samstundes kjenne at vi er del av det same fellesskapet.

Siste nyheiter

Skaparkonferansen 2026 – kva kan vi skape saman?

30. oktober inviterer Valldal 2029 til Skaparkonferansen 2026 på Normoria i Kristiansund. Etter månader med planlegging gler vi oss til å samle menneske frå heile Møre og Romsdal til inspirasjon, samtalar og – ikkje minst – samskaping.
Les meir

Festivalfylket utan felles kalender

Møre og Romsdal har eit rikt festival- og kulturliv, men manglar ei samla oversikt over arrangementa i fylket. Ei kartlegging i samband med Skaparkonferansen 2026 viser at betre samordning kan gi nye moglegheiter for samarbeid.
Les meir

Valldal 2029 på nasjonalt nettverksseminar

Denne veka har prosjektleiar Gro Marita Stennes Valdal vore i Sarpsborg for å delta på Nasjonaljubileet 2030 sitt nettverksseminar. Her møttest aktørar frå heile landet for å dele erfaringar, hente inspirasjon og sjå framover mot jubileumsåra som står for tur.
Les meir