
Neste Skaparkonferanse vert arrangert 30. oktober 2026 i Kristiansund, på Normoria.
Her vil vi igjen samle aktørar frå heile fylket for å løfte fram nye prosjekt, styrkje samarbeid og utvikle innhald fram mot jubileumsåret. Konferansen skal vere ein open arena for inspirasjon, deltaking og samskaping – meir informasjon om program kjem før sommerferien!
Påmeldingslenke!
Har dykk spørsmål - Send oss gjerne ein mail - post@valldal2029.no

Foto: Eline K. Fladseth
Den første Skaparkonferansen vart arrangert 31. oktober 2025 på Vestnes. Her samla vi deltakarar frå ulike delar av fylket til ein dag prega av engasjement, samtalar og nye perspektiv på Olavsarven og folketradisjonen.
Konferansen vart ein viktig start på det vidare arbeidet fram mot 2029. Gjennom innlegg, dialog og idéutveksling vart det lagt grunnlag for samarbeid og konkrete initiativ som no vert utvikla vidare i prosjektet.
.jpg)