Nyheiter

Her kan du følgje arbeidet vårt og sjå kva vi jobbar med no – på vegen mot jubileumsåret i 2029. Følg oss gjerne i sosiale medium for jamlege oppdateringar.

Regional Prosjektleiar - Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal

Vil du vere med å forme korleis Møre og Romsdal skal markere Noreg i 1000 år? I 2029 skal Møre og Romsdal markere Nasjonaljubileet med tema folketradisjon. Derfor søkjer vi ein samlande og initiativrik regional prosjektleiar som skal vær med å utvikle, setje i gang og drive arbeidet framover mot markeringa.
Les meir

Olsokfeiring i Valldal 2026

25.–26. juli inviterer vi igjen til Olsok i Valldal – ei helg med aktivitetar, musikk, historie og opplevingar for både store og små. Årets program byr på ei fin blanding av tradisjon, familieaktivitetar og kulturinnslag – midt i hjartet av Valldal. Sjå fullt program lenger nede i saka.
Les meir

Ei levande kobling i Valldal 2029

Gjennom historiske spel, levande musikk, frivillig engasjement og sterke forteljingar held kulturmiljø i Møre og Romsdal historia om Olavstida levande. Giskespelet, Herøyspelet, Hodr i Hjørungavåg og Vikinghuset på Blåtind er alle døme på korleis kulturarven framleis samlar og engasjerer folk i dag.
Les meir

Kvifor heiter prosjektet Valldal 2029?

Mange spør kvifor prosjektet heiter Valldal 2029, når jubileumssatsinga er ein del av ei større markering i heile Møre og Romsdal. Svaret ligg både i historia, kulturarven og den sterke tilknytinga området har til Olavstradisjonen.
Les meir

På turnè i Møre og Romsdal

Vi har starta reisa mot 2029 med dei første kommunebesøka i fylket. Gjennom møte med engasjerte aktørar har vi samla innspel, idéar og historier som blir viktige i arbeidet vidare.
Les meir

Olsok i Valldal – tradisjon, tru og levande forteljingar

Olsok i Valldal er meir enn ei feiring – det er ei levande tradisjon der historie, tru og fellesskap møtest. Med røter tilbake til forteljingane om Olav den Heilage, blir Olsok markert år etter år i bygda.
Les meir

Folkefest og sjøsetting på Vestnes

Midt i folkefesten i Vestnes stod Søblomsten som eit levande symbol på kystkultur og historie. No får båten nytt liv ved Romsdalsmuseet – og minner oss om korleis lokale forteljingar framleis bind fortid og notid saman.
Les meir

På flukt fra fiendar

Eit dramatisk vendepunkt - hausten 1028 vart eit dramatisk vendepunkt i norsk historie.
Les meir

Valldal 2029 i gang med prosjektarbeidet for 2026

Valldal 2029 går inn i 2026 med viktig støtte i ryggen og eit tydeleg mål for arbeidet framover.
Les meir

Folketru, overtru og forteljingane om Olav

Folketradisjon er temaet for Valldal 2029. Derfor ser vi litt nærare på overtru og folketru.
Les meir