Valldal 2029 – folketradisjon og Olavsarven i Møre og Romsdal

I 2029 er det tusen år sidan Olav Haraldsson flykta innover fjordane på Sunnmøre. Ifølgje Snorre sine kongesoger gjekk han i land i Valldal og flykta vidare til fots opp gjennom dalen og over fjellet. Denne ferda har sett spor i landskapet og i folketradisjonen, og dannar utgangspunktet for Valldal 2029 – Møre og Romsdal fylke si deltaking i det nasjonale jubileet Noreg i 1000 år.

Gro Marita Valdal ved fjorden i Valldal.
Heilag Olav kjem. Olsokdagene 2007. Foto Frank Furseth

Valldal 2029 – Ein del av Noreg i tusen år

Valldal 2029 er Møre og Romsdal fylke si deltaking i den nasjonale jubileumsstafetten Noreg i tusen år. Jubileumsstafetten markerer at det er 1000 år sidan dei historiske hendingane knytte til Olav Haraldsson, og har vore i gang sidan 2021 fram mot det nasjonale jubileumsåret i 2030.

Stader og regionar over heile landet deltek i stafetten. Kvar stad løftar fram sine eigne historier og perspektiv – og saman skaper vi ei felles forteljing om Noreg gjennom tusen år.

Jubileumsstafetten – eit nasjonalt løft

Jubileumsstafetten Noreg i 1000 år er bygd på mange stemmer og tema. Kvart år set eit nytt perspektiv på historia og Olavsarven, og inviterer til refleksjon og ny forståing.

Tusen år med historie rommar tusen historier. Forteljinga om Noreg er sett saman av mange trådar, og jubileet speglar dette mangfaldet. Stafetten viser at Noreg alltid har vore i utvikling – prega av mangfald og tett kontakt med omverda.

Kvart år i stafetten har sitt eige tema, som skal setje historia og Olavsarven inn i ein samtidskontekst og opne for samtale og refleksjon.

Tema i jubileumsstafetten

  • 2021 – Kulturmøte og endring
  • 2022 – Folkestyre
  • 2023 – Ressursar og rikdom
  • 2024 – Verdiar i lovverket
  • 2025 – Migrasjon og identitet
  • 2026 – Slekt og samfunn
  • 2027 – Tilhøyrsle
  • 2028 – Forteljingar om Noreg
  • 2029 – Folketradisjon

Meir om jubileumsstafetten finn du på nasjonaljubileet2030.no/jubileumsstafett

Møre og Romsdal sitt bidrag

Valldal 2029 er Møre og Romsdal sitt bidrag i denne nasjonale samanhengen. Prosjektet omfattar aktivitetar og deltaking i heile fylket, og byggjer på samarbeid mellom kommunar, kulturaktørar, frivillige og innbyggjarar.

Eit sentralt mål er å skape engasjement, læring og deltaking – på tvers av alder, bakgrunn og geografi.

Olav si ferd – eit historisk utgangspunkt

Utgangspunktet for Valldal 2029 er hendingane hausten 1028–1029, då Olav Haraldsson flykta innover fjordane på Sunnmøre. Ifølgje Snorre sine kongesoger gjekk han i land i Valldal og flykta vidare til fots opp gjennom dalen og over fjellet.

Denne ferda knyter Valldal direkte til ei av dei mest sentrale forteljingane i norsk historie – og har sett spor både i landskapet og i minnet etter menneska som har levd her.

Folketradisjon – forteljingar om oss

Valldal 2029 har folketradisjon som overordna tema. Det handlar om tru, forteljingar, handverk, musikk, mat, drikke og gamle skikkar – alt det som har følgt oss gjennom generasjonane.

Gjennom munnlege forteljingar, sagn og lokale minne har historia om Olav og ferda hans levd vidare. Samstundes har tradisjonane vorte endra, tilpassa og tolka på nytt – frå generasjon til generasjon.

Levande kulturarv og felles ansvar

Valldal 2029 tek utgangspunkt i denne levande folketradisjonen. Prosjektet ønskjer å utforske korleis Olavsarven og tradisjonane våre har prega kultur, identitet og fellesskap – og kva denne arven kan bety for oss i dag.

Fram mot jubileumsåret, og gjennom heile 2029, vil vi invitere alle til å vere med. Born, ungdom og vaksne skal få utforske og vise sine eigne måtar å tolke tradisjonar på. Slik ønskjer vi å skape glede, nysgjerrigheit og fellesskap – og å løfte fram både historia og menneska som har bore henne vidare.