
Slaget på Stiklestad vart eit vendepunkt i to avgjerande prosessar i norsk historie: riksdanninga og kristninga. Samstundes markerte hendinga overgangen frå Olav som vikingkonge til Olav som helgenkonge – Olav den heilage.
Som helgen vart Olav raskt eit samlande symbol for det norske riket. Dette ser vi framleis i det norske riksvåpenet, der løva held Olavsøksa. Året 1030 er difor tett knytt til forteljingane om korleis Noreg vart til – både politisk, kulturelt og religiøst.
Hendingane i 1030 er det historiske utgangspunktet for Nasjonaljubileet 2030 – Noreg i tusen år. Samstundes blir året forstått som eit symbolsk knutepunkt der mange ulike forteljingar om Noreg blir vovne saman – forteljingar som strekkjer seg både lenger attende i tid og heilt fram til vår eiga samtid.
Kjernen i jubileet er samspelet mellom riksdanning og kristning, men Olavsarven rommar langt meir. Den opnar eit vindauge inn mot sentrale tema i norsk historie og samfunnsutvikling, som:
Nasjonaljubileet gir eit unikt høve til å bli betre kjend med tydinga av Olav og hendingane i 1030, samstundes som det inviterer til refleksjon rundt dei mange ulike forteljingane som til saman har forma Noreg gjennom tusen år.