
Møre og Romsdal har sterke tradisjonar for historiske spel og levande formidling. Gjennom teater, musikk, handverk og sterke forteljingar blir historia løfta fram på nytt – ute i landskapet der ho ein gong fann stad.
Fleire av desse spela og miljøa er tett knytte til forteljingane om Olav den heilage og tida rundt kristninga av Noreg. Dette er også ei viktig tidsepoke i arbeidet med Valldal 2029 og jubileet Noreg i tusen år.
2026, 18. juni - 21. juni inviterer øya Giske og Giskespelet igjen til ei storslått framsyning! Noreg står for eit vegskilje, og slaget på Stiklestad nærmar seg. På Giske blir den mektige Giskeætta splitta av lojaliteter, maktkamp og sterke kjensler. Midt i dramaet møter vi Arnungane, Ragnhild og Erlingsdottir og den vesle Tora - jenta som seinare skulle bli dronning av Noreg og stammor til den norske kongeslekt
Bygd på forteljingane i Snorre Sturlason si soge om Olav den Heilage er Giskespelet ei gripande historie om kjærleik, makt, svik og skjebne.
I friluftsteateret deltek omslag 150 lokale aktørar i samspel med Jonas Hoff Oftebro som Olav Haraldsson og Morten Svartveit som Torberg Arneson.
Herøyspelet - kongens ring blir vist 4.–5. juli 2026 på den vakre utandørsscena ved Herøy gard.
Spelet er lagt til tida rundt år 1027, og i 2027 markerer Herøyspelet 1000 år sidan handlinga i spelet finn stad. Forteljinga er inspirert av sagaene og Olavstradisjonen, og tek publikum med inn i ei dramatisk tid der konfliktar, lojalitet og tru stod sterkt.
Herøyspelet er kjent for den heilt spesielle stemninga ute på Herøy. Kvart år samlar spelet eit stort tal frivillige aktørar som bidreg både på scena og bak kulissane. Levande musikk og storband som spelar live under framsyninga gir spelet ei sterk og levande oppleving for publikum.
Saman skaper frivillige, musikarar og skodespelarar eit kulturarrangement som har blitt ein viktig del av identiteten og kulturarven på Sunnmøre.
I tillegg til dei historiske spela finst det fleire aktørar i Møre og Romsdal som held historia levande gjennom opplevingar, formidling og møte med kulturarven.
Hodr - Hjørungavåg formidlar vikingtid, handverk og historie gjennom levande aktivitetar og opplevingar. Her får både born og vaksne kome tett på historia og oppleve korleis fortida framleis kan skape engasjement i dag.
På Vikinghuset på Blåtind i Stordal blir den nordiske kulturarven løfta fram gjennom vikingmiljø, forteljingar og opplevingar som knyter natur, historie og tradisjon saman.
For Valldal 2029 er slike spel og formidlingsmiljø viktige døme på korleis kulturarv framleis lever blant folk. Gjennom forteljingar, frivillig engasjement, musikk, handverk og levande formidling blir historia ikkje berre noko vi les om – ho blir opplevd.
Giskespelet, Herøyspelet, Hodr i Hjørungavåg og Vikinghuset på Blåtind viser korleis lokale historier og tradisjonar framleis samlar menneske og skaper stoltheit på tvers av generasjonar.
Valldal 2029 handlar om meir enn éin stad. Prosjektet ønskjer å løfte fram dei mange historiene, tradisjonane og kulturuttrykka som finst rundt om i Møre og Romsdal.
Historiske spel og levande formidlingsmiljø er ein viktig del av den levande kulturarven vår – og gode døme på korleis historia framleis blir fortald, tolka og delt vidare.