-2.jpg)
Møre og Romsdal har eit stort utval av festivalar, spel og større tilbakevendande arrangement. Men korleis skal arrangørar, publikum og reiseliv få oversikt over alt som skjer?
I samband med Skaparkonferansen 2026 er det gjennomført ei kartlegging av festival- og arrangementslandskapet i fylket.
Kartlegginga viser eit omfattande festival- og arrangementslandskap i Møre og Romsdal, men også kor utfordrande det er å få ei fullstendig oversikt over alt som skjer i fylket.
Sjølv etter omfattande leiting er det vanskeleg å få ei fullstendig oversikt. Nye arrangement dukkar stadig opp på ulike nettsider og plattformer.
Mangelen på ei felles oversikt kan få konsekvensar for både arrangørar og publikum.
Store arrangement kan bli lagde til same tidspunkt utan at arrangørane kjenner til kvarandre sine planar. Dermed kan dei ende opp med å konkurrere om både publikum, frivillige, artistar, teknikarar, hotellrom, transport og sponsorar.
Utfordringa er ikkje nødvendigvis at arrangørane gjer ein dårleg jobb, men at dei manglar ein felles infrastruktur å planleggje ut frå.
I dag må ein arrangør leite gjennom kommunale kalendrar, billettsystem, Facebook, festivalnettsider og reiselivssider for å undersøkje kva som skjer på ein bestemt dato.
Med eit så stort og variert arrangementstilbod er det ikkje nok å berre opprette eit arrangement og håpe at publikum finn fram.
God marknadsføring krev planlegging, og det er viktig at arrangørane set av både tid og budsjett til å nå dei rette målgruppene. Utan ein tydeleg plan for synlegheit kan sjølv gode arrangement lett drukne i mengda.
Ein felles arrangementsportal kan gjere det enklare å finne fram, men det erstattar ikkje behovet for målretta marknadsføring av kvart enkelt arrangement.
Eitt av spørsmåla som skal diskuterast på Skaparkonferansen, er om Møre og Romsdal treng ein felles arrangementsportal.
Ein slik portal kan fungere både som ei oversikt for publikum og som eit planleggingsverktøy for arrangørane.
Her kan ein til dømes få oversikt over førebelse og endelege arrangementsdatoar, oppdage moglege kollisjonar og finne lenker vidare til program og billettsal.
På lengre sikt kan ei felles løysing også opne for meir samarbeid om festivalpass, transport, overnatting, reiselivspakkar og marknadsføring.
Dette blir eitt av fleire tema når Valldal 2029 inviterer til Skaparkonferansen 30. oktober på Normoria i Kristiansund.
Årets hovudspørsmål er:
Korleis kan Møre og Romsdal bli meir enn summen av arrangementa sine?
Gjennom inspirasjonsinnlegg, samtalar og felles arbeid skal deltakarane utforske korleis vi kan samarbeide betre og utnytte moglegheitene som finst i fylket.
Møre og Romsdal har allereie eit svært rikt arrangements- og kulturliv. Spørsmålet er om vi kan få endå meir ut av det ved å kople det betre saman.
Vil du vere med i samtalen?
Les meir om Skaparkonferansen 2026 og meld deg HER !
Påmeldingsfristen er 16. oktober.