
Laurdag 18. april fekk vi oppleve folkefesten i Vestnes, der båten Søblomsten stod i sentrum. Arrangementet samla folk i alle aldrar, og synte kor sterkt engasjementet for lokal kulturarv framleis er. Og vi er IMPONERT over alt arbeidet som ligg bak dette - heilt fantastisk å sjå sjøsettinga og ikke minst høre om alt arbeidet som ligg bak dette prosjektet.
Søblomsten er ikkje berre ein båt – ho er eit symbol på kystkulturen vår, på handverket, historia og livet langs fjorden. Gjennom generasjonar har slike båtar vore ein naturleg del av kvardagen, og dei ber med seg forteljingar om arbeid, ferdsel og fellesskap.
Båten vidare til Romsdalsmuseet, der ho får ein ny plass – ikkje berre som gjenstand, men som formidlar av historie. Slik blir fortida teke vare på og gjort tilgjengeleg for nye generasjonar.
For Valldal 2029 er dette eit godt døme på korleis kulturarv lever vidare. Det handlar ikkje berre om dei store historiske hendingane, men også om dei nære, lokale forteljingane – om menneske, stadar og tradisjonar.
Gjennom prosjektet ønskjer vi å løfte fram nettopp dette: dei levande spora etter historia vår, og kor viktig tradisjon er for oss alle.