
Som dykk veit, er temaet for Vallal 2029 folketradisjon. Difor ser vi nærare på folketru og overtru - ei side av kulturarven som ofte ligg nær det mytiske og førestilte.
Forteljingane om Olav den heilage og ferda han gjennom landet har levd vidare i generasjoner. Desse historiene er ikkje berre historiske kjelder -dei er også forma av munnleg tradisjon, segn og tru.
Langs vegane han gjekk, voks det fram forteljingar om teikn, under og hendingar som ikke alltid let seg forklare. Kjelder vart heilage, landskap fekk nye tydinga, og menneske tolka det som skjedde rundt seg i lys av både kristen tru og eldre førestillingar.
Slik vart historia om Olav ikkje berre fortald - ho vart levd, tolka og gitt vidare.
Folketru og overtru var ein naturleg del av kvardagslivet. Ho levde side om side med arbeid, natur og fellesskap.
I fjøsen kunne ein legge att mat til nissen. På reise kunne ein vere merksam på teikn og varsel. Nokre stader vart rekna som trygge - andre stader ein burde vise respekt eller halde seg unna.
Dette vart ikke berre overtru slik vi ofte forstår det i dag. Det var ein måte å skape meining i ei verd der mykje var uvisst og uforutsigbart. Gjennom forteljingar og erfaringar fann folk forklaringer, tryggleik og samanheng.
Historia om Olav den heilage er også ei historie om korleis tru og forteljing flettar seg saman.
I ettertid av livet hans voks det fram ei rekkje segn og forteljingar. Det vart fortalt om kjelder som sprang fram der han gjekk, om helende vatn, og om hendingar som bar preg av noko meir enn det vanlege.
Desse forteljingane var med på å gi meining til både historia og landskapet. Dei knytte menneske til stadene rundt seg – og til ei større forteljing om tru, håp og identitet.
Slik vart Olav ikkje berre ein historisk person, men også ein del av folketrua.
Sjølv om samfunnet har endra seg, lever spor av folketrua vidare.
Vi bankar i bordet for å lukke. Vi seier «for sikkerheits skuld». Små handlingar og uttrykk som har røter langt tilbake i tid.
Dette er restar av eit større tankesett – ein måte å forstå verda på, der det usynlege også hadde ein plass.
Valldal 2029 ønskjer å løfte fram denne delen av folketradisjonen – ikkje berre som historie, men som noko levande og relevant.
Gjennom prosjektet vil vi utforske:
Vi ønskjer å invitere alle til å vere med. Har du høyrt ei segn? Ei historie? Ei åtvaring eller eit råd som har gått i arv?
Ved å dele og utforske saman kan vi gi nytt liv til gamle forteljingar – og kanskje oppdage at dei framleis har noko å seie oss.