
Ei intens og arbeidsam veke vart torsdag 15. oktober avslutta med finale og 13 elevgrupper frå Stordal, Valldal og Eidsdal ungdomsskular fekk presentere ideane sine for foreldre, søsken og medelevar.
Valldal 2029-prosjektet har eit stor ønske om å involvere barn og unge i arbeidet fram mot og inn i jubileumsåret, og ein innovasjonscamp der dei skal svare ut ei oppgåve er ein god måte å skape inkludering på. Og ungdommane har stått på heile veka.
Måndag starta vi med felles kick-off på Blåtind der eigar og drivar Ole Vikenes kunne ønske velkomen til vikinghuset med alkoholfri mjød, vikingsuppe og hornblåsing. Ungdommane fekk også prøvd seg på øksekast, skyting med pil og bue, og hesteskokasting. Ungt Entreprenørskap har hatt det metodiske opplegget gjennom veka og leverte kreative oppgåver for å få ungdommane til å starte på sine idèmyldringar. Det ligg både stor fridom og mykje ansvar i det å kome opp med gode løysingar på problemstillinga som vart stilt frå oppdragsgjevar; utvikle ein idè til ei oppleving, fysisk produkt/teneste, aktivitet eller gjentakande arrangement slik at Fjord kommune blir ein betre plass å bu eller besøke fram mot 2029.
Vi har samarbeidd med tre mentorar; Trine Berge, Børge Heggen Johansen og Ole Vikenes, som har vore ut på skulane og gjeve gode råd til elevane. I tillegg har prosjektleiar for Valldal 2029, Gro Marita, vore ute og tatt temperaturen på idear og løysingar.
Sjølve finaledagen var nervane i heilspenn hos fleire, kanskje mest hos juryen som såg for seg at arbeidet med å finne ein vinnar kom til å bli vanskeleg. Juryleiar Charles Tøsse, styreleiar i Fjordhagen AS, hadde med seg Jannike Døving Veiberg frå Ungt Entreprenørskap, Mariell Døving Veiberg, gründer og sjølvstendig næringsdrivande, og Kjell Martin Ringset, banksjef i Sparebanken Møre.
Etter ein lang runde med diskusjonar greidde dei å lande på topp tre. Tredjeplassen gjekk til ei gruppe ved Valldal skule med ideen «Tokt-festival», ein årleg vikingfestival som dei tenkte skulle gå av stabelen i Valldal og heidre Olavsminna her. Andreplassen gjekk til ei gruppe ved Stordal skule med ideen «FjordRo Kafè» der ein både kunne få seg mat og drikke, men også oppleve å ro i vikingskip-simulator for å nemne noko. Førsteplassen gjekk til ei gruppe ved Eidsdal skule med ideen «Olavsormen» forma som den berømte ormen i Syltefjellet, men liggande ut i sjøen der ein kunne oppleve livet både over og under vasskorpa.
Så langt vi veit så er ungdommane godt fornøgde med eigen innsats, og dei har hatt ei kjekk, men travel veke.
Prosjekt Valldal 2029 takkar både elevane, lærarane, Ungt Entreprenørskap, foreldre og søsken for å støtte opp om dette. Det er viktig å delta i samfunnsutviklinga, og det er viktig at ungdommen blir høyrt.
Vi oppmodar no andre kommunar om å køyre Innovasjonscamp for sine 8. og 9. klassingar med tema nasjonaljubileum. Dette er ein glimrande måte å løfte lokalt engasjement rundt eit viktig tema.