
Årets nettverksseminar vart arrangert 16.–17. september i Sarpsborg, som er vertskap for jubileumsstafetten i 2026.
Årets tema er «Slekt og samfunn». Sarpsborg har ei heilt sentral kopling til Olavshistoria: Det var Olav Haraldsson som grunnla byen i 1016, den gong under namnet Borg. I år er det dermed 1010 år sidan grunnlegginga av byen.
Med denne historia som bakteppe samla nettverksseminaret aktørar frå heile landet til to dagar med kunnskapsdeling, refleksjon og samtalar om arbeidet fram mot Nasjonaljubileet 2030.
Gjennom dei to dagane stod mellom anna samfunn, fellesskap, historieformidling og vegen vidare mot Nasjonaljubileet 2030 på programmet.
Deltakarane fekk høyre meir om Olavsdagene 2026 og årets tema «Slekt og samfunn», i tillegg til innlegg og samtalar om mellom anna ulikskap, minoritetar, historieformidling og fellesskap.
Slike møteplassar er viktige på vegen framover. Her får aktørane i jubileumsstafetten høve til å bli betre kjende, utveksle erfaringar og sjå korleis dei ulike jubileumsåra kan spele saman fram mot 2030.
Torsdag fekk Gro Marita presentere planane for jubileumsåret 2029 og arbeidet som er i gang gjennom Valldal 2029.
Vår etappe i den nasjonale jubileumsstafetten har folketradisjon som tema. Fram mot 2029 skal vi løfte fram Olavsarven, folketradisjonane og dei mange historiene frå Møre og Romsdal – og skape engasjement og samarbeid på tvers av kommunar, kulturaktørar, frivillige og næringsliv.
På nettverksseminaret vart også planane for jubileumsåra 2027, 2028 og 2030 presenterte. Det gir eit godt innblikk i korleis kvar region utviklar sin eigen del av den større nasjonale markeringa.

Nasjonaljubileet handlar nettopp om å sjå dei lokale og regionale historiene som ein del av noko større. Nettverk, kunnskapsdeling og samarbeid blir derfor viktig når vi no nærmar oss 2029.
Vi tek med oss nye møte, gode samtalar og inspirasjon heim frå Sarpsborg – og vidare inn i arbeidet med Valldal 2029.