Olsok i Valldal - tradisjon, tru og levande forteljingar

Olsok i Valldal er meir enn ei feiring – det er ei levande tradisjon der historie, tru og fellesskap møtest. Med røter tilbake til forteljingane om Olav den Heilage, blir Olsok markert år etter år i bygda.

Folkefest i Valldal sentrum i 1991 - svart/kvitt bilde
Olsokfeiring i Valldal 1991. Foto: Astor Furseth

Kvart år rundt Olsok samlast folk i Valldal til ei markering med djupe røter i historie, tru og folketradisjon. Olsok, til minne om Olav den Heilage, har vore ein viktig merkedag i Noreg i snart tusen år – og i Valldal lever forteljingane vidare på heilt eige vis.

Ei bygd med sterke forteljingar

I følgje lokal tradisjon og soger knytt til området, skal Olav Haraldsson ha ferdast gjennom Valldalen på flukt. Desse forteljingane har sett spor i landskapet – frå segner om kamp og dramatikk til historier om gøymde skattar og møte med det overnaturlege.

Forfattar Astor Furseth har samla fleire av desse forteljingane i boka Heilag Olav i Valldal. Her blir det tydeleg korleis historia om Olav ikkje berre høyrer fortida til, men har levd vidare i tradisjonar, tru og kvardagsliv.

Varsel, tru og gamle skikkar

Olsok var i eldre tid ein viktig merkedag, der folk tolka teikn i vêr og natur for å seie noko om tida som låg framfor.

«Til olsok var det i eldre tid knytt mange varsel. Det var ein merkedag der ein kunne ta teikn av vêr og vind, også for kva som ville skje i nærmaste framtid.»

I Norddal heitte det til dømes at dersom det var fullmåne på Olsokdagen, ville det kome ein streng vinter. Slike førestillingar viser kor tett livet var knytt til naturen, og korleis Olsok også hadde ei praktisk tyding i folk sitt liv.

Frå tradisjon til folkefest

Etter 1940-åra fekk Olsokfeiringa eit nytt løft.

«Etter 1940-åra vart Olsoktradisjonen atter forsterka, og det er blitt skipa til mange olsokstellingar fram til våre dagar.»

I dag har markeringa i Valldal utvikla seg til ein møteplass for både tradisjon og fellesskap. Olsok har fått eit tydeleg preg av familiearrangement, med aktivitetar, underhaldning og opplevingar for både store og små.

Ein del av vegen mot 2029

Olsokfeiringa er også ein del av arbeidet fram mot jubileumsåret 2029, der Olavsarven og folketradisjonen i Valldal blir løfta fram. Gjennom arrangementet blir historia ikkje berre fortald – ho blir opplevd, delt og ført vidare.

May 7, 2026