Olsok i Valldal 2026

25.–26. juli inviterer vi igjen til Olsok i Valldal – ei helg med aktivitetar, musikk, historie og opplevingar for både store og små. Årets program byr på ei fin blanding av tradisjon, familieaktivitetar og kulturinnslag – midt i hjartet av Valldal. Sjå fullt program lenger nede i saka.

Velkomen til ei helg fylt med opplevingar

Gjennom heile helga blir det liv og stemning i bygda med mellom anna Mini- og Jordbærdilten, Barnas Olsok, musikk og allsong, familieshow, pilegrimsvandring, gudsteneste og konsert i Sylte kyrkje.

Ei helg for både store og små

Olsok i Valldal har dei siste åra utvikla seg til eit arrangement som samlar både lokalbefolkning og tilreisande. Her finn ein aktivitetar for born, møteplassar for vaksne og opplevingar som løftar fram både bygda og tradisjonane våre.

Barnas Olsok byr mellom anna på hoppeslott, viking-battle, discgolf og aktivitetar gjennom dagen, medan resten av programmet inneheld både underhaldning, musikk og gode møtepunkt gjennom helga.

Del av vegen mot jubileumsåret 2029

Olsokfeiringa er også ein del av arbeidet fram mot jubileumsåret Valldal 2029 – Olav i folketradisjon, der historia, segna og kulturarven vår blir løfta fram gjennom ulike arrangement og prosjekt.

Ønskjer du å lese meir om historia og tradisjonane bak Olsok i Valldal?
Les artikkelen:
Olsok i Valldal – tradisjon, tru og levande forteljingar

Velkomen til Olsok i Valldal 2026

Vi håpar du vil vere med på ei innhaldsrik og stemningsfull helg i Valldal 🌿

Fullt program finn du under.

June 1, 2026