
Sjølv om ikkje alle avtalar, prosjekt og detaljar er endeleg fastsette, er retninga klar. Valldal 2029 skal vere eit prosjekt der mange får høve til å bidra – kommunar, skular, kulturaktørar, frivillige og innbyggjarar. Openheit, deltaking og lokalt eigarskap er sentrale verdiar i arbeidet.
Gjennom 2026 vil prosjektet arbeide vidare med idéutvikling, nettverksbygging og planlegging av konkrete tiltak og arrangement i åra som kjem.