På turnè i Møre og Romsdal

Vi har starta reisa mot 2029 med dei første kommunebesøka i fylket. Gjennom møte med engasjerte aktørar har vi samla innspel, idéar og historier som blir viktige i arbeidet vidare.

Eit lite innblikk frå turneen – folk, stader og historier undervegs. Foto: Vivian F. Nydal

På turné i Møre og Romsdal – starten på noko større

I slutten av april la vi ut på den første av fleire kommunebesøk i Møre og Romsdal. Målet var enkelt – å møte folk, lytte, dele og starte samtalar om kva Valldal 2029 kan bli, saman med regionen.

Gjennom dei første dagane har vi besøkt fleire sentrale nøkkelstadar, og fått møte engasjerte fagmiljø, kulturaktørar og eldsjeler som sit på både kunnskap, historier og framtidsidéar.

Sterke møtepunkt på Giske

På Giske møtte vi representantar frå kommune, kyrkje og Giskespelet. Her ligg det eit stort potensial for samarbeid fram mot jubileet.

Samtalane handla mellom anna om korleis ein kan utvikle opplegg for born og familiar, knyte skule og kultur tettare saman, og bruke eksisterande ressursar i formidlinga av Olavsarven.

Ålesund – bygge vidare på det som finst

I Ålesund møtte vi representantar frå kulturadministrasjonen.

Eit viktig poeng som kom fram, var verdien av å bygge vidare på det som allereie skjer og er etablert. Her finst det sterke miljø innan både musikk, handverk og historieforteljing, og mange eksisterande arrangement som kan knytast tettare til Valldal 2029.

Engasjement på Hareid

På Hareid møtte vi kommunen med einingsleiar kultur, ungdomskoordinator, kulturskulerektor – og fleire andre engasjerte aktørar, blant andre Hodr Vikingsete.

Her var det tydeleg eit stort engasjement og en vilje til å vere med vidare. Samtalane peika på moglegheiter innan teater, ungdomsarbeid og samarbeid på tvers – med eit spesielt fokus på å få med dei unge som medskaparar fram mot jubileet. Hareid hadde eit imponerande lokale til ungdommane.

Herøy – historie og levande formidling

På Herøy Gard møtte vi aktørar frå Herøyspelet, lokalmiljøet og kommunen. Her fekk vi innblikk i eit sterkt historisk fundament, kombinert med levande formidling gjennom spel og tradisjonar.

Det vart løfta fram fleire idéar til samarbeid, både innan arrangement, musikk og opplevingar knytt til kystkultur og pilegrimsleier. Fantastisk flott å sjå området Herøyspelet blir vist kvart år, som alltid er første helga i juli.

Vestnes – stort engasjement og lokale krefter

På Vestnes møtte vi repsentant frå kommunen som arbeider tett på både kultur, frivilligheit og lokalsamfunn.

Sjølv om arbeidet ikkje er politisk forankra og kommunen ikkje har eigen kultursjef, ser vi eit sterkt engasjement og vilje til å få til aktivitet lokalt. Her blir fleire roller samla på få personar, noko som også viser kor viktig dei lokale drivkreftene er.

Det vart mellom anna løfta fram teaterprosjektet Ringar i vatnet, med lokalhistorie som utgangspunkt, der interessa for å delta er stor. Dette viser eit tydeleg potensial for å skape engasjement og involvering fram mot 2029.

I tillegg har Vestnes ei rik båtbyggarhistorie, som kan vere ein viktig del av forteljinga vidare.

Dette er berre starten

Denne første turneen er starten på eit større arbeid. Vi kjem til å besøke fleire delar av fylket i løpet av året.

Målet er å bygge Valldal 2029 saman med heile Møre og Romsdal – gjennom dialog, samskaping og felles eigarskap. Vi gler oss stort til å arbeidet fram mot 2029!

April 30, 2026