Er du vår nye prosjektleiar?

Vil du vere med å forme korleis Møre og Romsdal skal markere Noreg i 1000 år? I 2029 skal Møre og Romsdal markere Nasjonaljubileet med tema folketradisjon. Derfor søkjer vi ein samlande og initiativrik regional prosjektleiar som skal vær med å utvikle, setje i gang og drive arbeidet framover mot markeringa.

Regional Prosjektleiar - Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal

Vinteren 1028–1029 flykta kong Olav Haraldsson frå sine fiendar inn Storfjorden, gjennom Valldal og vidare over fjella til Lesja på veg mot eksil.

Tusen år seinare skal denne historia løftast fram når Møre og Romsdal markerer Nasjonaljubileet i 2029, året før den store nasjonale markeringa på Stiklestad i 2030. Saman er vi Nasjonaljubileet 2030 – Noreg i 1000 år.

Vi søkjer etter ein samlande og initiativrik regional prosjektleiar som ikkje berre koordinerer, men som aktivt utviklar, set i gang og driv arbeidet framover mot markeringa i Møre og Romsdal. Du får ei sentral rolle i å samle kommunar, institusjonar, tru- og livssynsaktørar, frivillige og næringsliv til ei markering som både engasjerer regionalt og blir synleg nasjonalt.

Om stillinga

Som regional prosjektleiar får du ansvar for å planleggje og gjennomføre markeringa av Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal.

Du skal initiere samarbeid, stimulere til aktivitetar i heile fylket og bidra til at historia og folketradisjonane i Møre og Romsdal får ein tydeleg plass i jubileet.

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som har erfaring med planlegging og gjennomføring av større prosjekt eller arrangement, god samfunnsforståing og interesse for kultur, historie og samfunnsutvikling.

Du trivst med å jobbe sjølvstendig, samarbeider godt med andre, er ein relasjonsbyggar som tek tydeleg initiativ og skaper framdrift. Relevant høgare utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Arbeidsstad og vilkår

Arbeidsstaden er Valldal i Fjord kommune, der prosjektet har si base. Valldal har ei særleg historisk tilknyting til jubileet gjennom flukta til Olav Haraldsson i 1029.

Arbeidsgjevar er Fjordhagen AS, næringshagen i Fjord kommune. Stillinga er ei treårig prosjektstilling med oppstart 1. januar 2027. Noko reiseverksemd må påreknast.

Søk stillinga

Vil du vere med å forme korleis Møre og Romsdal skal markere Noreg i 1000 år?

Send oss søknad og CV innan fristen. Vi ser etter deg som har ideane, energien og gjennomføringskrafta til å gjere Nasjonaljubileet 2029 til ei oppleving heile fylket vil hugse.

Søknadsfrist: 15. august.

Er du vår nye prosjektleiar - les meir om stillinga HER.

June 8, 2026