Frå gode idear til nye samarbeid på Skaparkonferansen 2026

Kva kan vi skape saman – og kva skal stå igjen etter 2029? Det var dei sentrale spørsmåla då menneske frå kultur, reiseliv, kommunar og frivilligheit møttest til Skaparkonferansen 2026 på Normoria i Kristiansund.

Mykje engasjement blant deltakarane under årets workshop.
Foto: Vivian F Nydal

Skaparkonferansen skal vere ein møteplass for inspirasjon, idéutvikling og samarbeid på tvers av kommunar, kulturaktørar, frivillige og næringsliv i Møre og Romsdal.

Årets konferanse viste tydeleg kor mykje kunnskap, engasjement og skaparkraft som finst i fylket vårt – men også kor viktig det er å bli betre kjende, byggje tillit og sjå etter moglegheiter på tvers av fagfelt og geografi.

Kva skal stå igjen etter 2029?

Line L. Andresen frå Operaen i Kristiansund løfta fram eit viktig perspektiv: Det finaste som skjer etter store produksjonar, er ofte det som skjer etterpå – når nye idear, relasjonar og samarbeid får vekse vidare.

Det fekk oss til å stille spørsmålet:

Kva skal stå igjen etter Valldal 2029, og korleis kan vi bruke det vi har skapt saman vidare etter jubileumsåret?

Møre og Romsdal har eit stort mangfald av kulturopplevingar, festivalar, historiske spel, kulturminne og sterke frivillige miljø. Ved å kople kulturen tettare saman med reiselivet kan vi utvikle nye opplevingar, nå fleire målgrupper og kanskje også bidra til at gjestene blir verande lenger i fylket.

I 2028 markerer Operaen i Kristiansund sitt 100-årsjubileum. Også dette gir nye moglegheiter til å sjå arrangement, jubileum og satsingar i samanheng fram mot 2029.

Frå kranglefylket til samarbeidsfylket

Tom A. Skrede frå Visit Northwest tok oss med gjennom reisa fram mot det nye destinasjonsselskapet og delte erfaringar frå ein omfattande samarbeidsprosess.

Eit sentralt bodskap var at samarbeid krev tillit, forankring og rom for at alle blir høyrde. Det handlar om å byggje både identitet og tillit saman.

Kan erfaringane frå reiselivet inspirere kulturlivet? Og kan Møre og Romsdal gå frå å bli omtalt som «kranglefylket» til å bli kjent som samarbeidsfylket?

Tom presenterte også utviklingstrekk i reiselivet. Internasjonale gjester er ofte svært interesserte i lokal kultur, historie og levande tradisjonar. Det viser potensialet som ligg i å utvikle fleire samarbeid mellom kulturaktørar og reiselivsnæringa.

Jeanette Helen Lillevold frå Giskespelet løfta samtidig fram dugnadsarbeidet og den avgjerande rolla frivilligheita har for kulturlivet. Mange av dei store kulturopplevingane i fylket hadde ikkje vore moglege utan menneske som stiller opp med tid, kunnskap og engasjement.

Tenk om vi …

Etter innlegga gjekk deltakarane frå inspirasjon til gruppearbeid. Oppgåva var å utforske korleis vi kan utnytte fordelane våre, lære av kvarandre og skape meir saman.

Det kom fram mange spennande idear:

  • Kva om historiske spel i fylket samarbeidde om eit spelmaraton, felles transport, måltid og festivalpass?
  • Kva om vi utvikla kulturpakkar som kunne kombinerast med reiselivsopplevingar og lokalmat?
  • Kva om Kystpilgrimsleia blei kopla tettare til eksisterande kulturtilbod?
  • Kva om fleire historiske spel samarbeidde om ei omreisande framsyning i jubileumsåret?
  • Kva om vi hadde eit vikingskip på deling mellom spela og arrangementa i fylket?
  • Kva om vi etablerte ein fast møteplass for kompetansedeling mellom kultur, frivilligheit og reiseliv?

Dette er førebels idear, ikkje ferdige prosjekt. Men det er nettopp slik nye samarbeid kan starte: Nokon stiller spørsmålet «Tenk om …», og andre ser moglegheitene.

Vi må samarbeide om synlegheita

Samarbeid handlar også om kommunikasjon. Arrangement og festivalar må vere synlege over tid, nå dei rette målgruppene og vise kva som gjer opplevingane relevante.

Sjølv om mykje av kulturlivet er basert på dugnadsarbeid, bør alle prosjekt peike ut ein person som har eit tydeleg ansvar for kommunikasjonen med publikum.

Ein god plan bør vere på plass tidleg. Bodskap, målgrupper, kanalar, publiseringsdatoar og ansvar må avklarast før marknadsføringa startar. Samarbeidspartnarar bør også avtale kven som produserer innhald, kven som deler det, og når det skal publiserast.

Vi må samarbeide om synlegheita – ikkje konkurrere om henne.

Verdifulle møte på Nordmøre

I dagane rundt konferansen fekk Valldal 2029 også besøkje Gjemnes kommune og Gurisentret på Smøla. Vi møtte i tillegg Line L. Andresen ved Operaen i Kristiansund på Normoria.

Her fekk vi presentert Valldal 2029 som Møre og Romsdal si satsing fram mot jubileumsåret, og snakka om kva vi kan skape saman.

Slike møte er verdifulle. Dei gjer oss betre kjende, opnar dører for framtidige samarbeid og bidreg til å forankre Valldal 2029 i fleire delar av fylket.

Frå idé til handling

Skaparkonferansen gav oss kreative innspel, nye perspektiv og mange idear å arbeide vidare med.

No blir det viktige spørsmålet: Korleis går vi frå idé til handling?

Det krev nokon som tek initiativ, samarbeidspartnarar som ser verdien av å kople seg saman, og vilje til å byggje vidare på det vi allereie har.

Tusen takk til alle som deltok, delte erfaringar og bidrog til gode samtalar på Skaparkonferansen 2026.

Saman kan vi skape meir enn vi klarer kvar for oss.

‍

November 6, 2026