Skaparkonferansen 2026 – kva kan vi skape saman?

30. oktober inviterer Valldal 2029 til Skaparkonferansen 2026 på Normoria i Kristiansund. Etter månader med planlegging gler vi oss til å samle menneske frå heile Møre og Romsdal til inspirasjon, samtalar og – ikkje minst – samskaping.

Solnedgang i Kristiansund
Foto: Oddgeir Visnes / Visitnorthwest

Frå invitasjon til ferdig program

Arbeidet fram mot årets Skaparkonferanse har vore i gang lenge.

Før sommaren sende vi ut den første invitasjonen og informasjon om konferansen. Målet var å nå breitt ut til kommunar, kulturaktørar, reiseliv, frivillige organisasjonar, næringsliv og andre som ønskjer å vere med og forme vegen fram mot jubileumsåret 2029.

No i august har vi sendt ut ei ny påminning – denne gongen med programmet for dagen på plass.

Og no begynner vi verkeleg å glede oss!

Meir enn summen av alle arrangementa våre

Årets overordna spørsmål er:

Kva skal til for at Møre og Romsdal blir meir enn summen av alle arrangementa våre?

Rundt om i fylket finst det eit stort mangfald av arrangement, initiativ, kompetanse og engasjerte menneske. På Skaparkonferansen ønskjer vi å sjå nærare på kva som kan skje når vi løftar blikket frå våre eigne prosjekt og ser etter samanhengar.

Kva bind oss saman? Kva kan vi lære av kvarandre? Og kven bør samarbeide for å få til noko vi ikkje ville klart kvar for oss?

Inspirasjon frå ulike delar av fylket

Første del av dagen skal gi oss inspirasjon og nye perspektiv.

Vi får besøk av Linn L. Andresen frå Operaen i Kristiansund, Tom A. Skrede frå Visit Northwest og Jeanette Helen Lillevold frå Giskespelet.

Gjennom ulike erfaringar og ståstader skal dei bidra inn i spørsmålet: Kva kan vi lære av kvarandre?

Det blir også tid til å bli betre kjende, mingle og halde fram dei gode samtalane mellom innlegga.

Den viktigaste delen av dagen: Kva kan vi skape saman?

Etter lunsj går vi frå inspirasjon til arbeid.

Ettermiddagen blir sett av til workshop, der deltakarane skal arbeide gruppevis. Dette blir ein sentral del av Skaparkonferansen – ei intensiv og inspirerande arbeidsøkt der vi saman skal utforske moglegheitene som ligg i fylket vårt.

Vi skal mellom anna arbeide med spørsmåla:

  • Kva bind oss saman?
  • Korleis kan vi utnytte fordelane våre og lære av kvarandre?
  • Kven bør samarbeide for å få dette til?

For det er nettopp gjennom å møtast, dele kunnskap og kople menneske og idear at noko nytt kan oppstå.

Ein del av vegen mot 2029

Skaparkonferansen er ein viktig møteplass i arbeidet fram mot Valldal 2029.

Vi ønskjer ikkje å utvikle jubileumsåret åleine. Ambisjonen er å skape engasjement og eigarskap i heile Møre og Romsdal – og å få fram idear, samarbeid og initiativ som kan vekse vidare fram mot 2029.

Difor handlar Skaparkonferansen like mykje om menneska som kjem som om det som står på scena.

Vi gler oss til å besøke Kristiansund, høyre på årets innleiarar og ikkje minst møte alle som tek turen til Normoria.

For kva kan vi få til dersom vi byrjar å skape meir saman?

Foto: Eline K. Fladseth

Program for dagen 
Vi har sett saman ein dag med inspirasjonsinnlegg, gode samtalar og god tid til å arbeide saman.
Sjå programmet for Skaparkonferansen 2026 under.

August 27, 2026