Valldal 2029 i gang med prosjektarbeidet for 2026

Valldal 2029 går inn i 2026 med viktig støtte i ryggen og eit tydeleg mål for arbeidet framover.

Blomen Olavsstake
Olavsstake. Foto Astor Furseth

Prosjektarbeidet for 2026

Valldal 2029 går inn i 2026 med viktig støtte i ryggen og eit tydeleg mål for arbeidet framover. Med støtte frå TEFT, Fjord kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, er prosjektarbeidet for 2026 no offisielt i gang.

Støtta gjer det mogleg å vidare utvikle Valldal 2029 som ein del av det nasjonale jubileet Noreg i 1000 år, og å byggje eit inkluderande, lærerikt og berekraftig jubileum fram mot 2029.

Satsing på barn, unge og kultur

Eit hovedfokus i prosjektarbeidet i 2026 er satsing på barn og unge samt utvikling av kulturelle prosjekt og formidlingsopplevingar med lokal og regional forankring. Gjennom skapende aktivitetar, samarbeid og nye møteplasser ønskjer Valldal 2029 å styrke tilknytninga til kulturarv, identitet og fellesskap - på tvers av alder og bakgrunn.

Arbeidet i 2026 vil være prega av utvikling, testing og samskaping. I denne fasen handlar det om å utforske moglegheiter, byggje samarbeid og leggje grunnlaget for aktivitetar som skal kulminere i jubileumsåret 2029.

Ein open og inkluderande prosess

Sjølv om ikkje alle avtalar, prosjekt og detaljar er endeleg fastsette, er retninga klar. Valldal 2029 skal være eit prosjekt der mange får høve til å bidra - kommunar, skular, kulturaktører, frivillige og innbyggjarar. Openheit, deltaking og lokalt eigarskapen ersentrale verdiar i arbeidet.

Gjennom 2026 vil prosjektet arbeide vidare med idèutvikling, nettverksbygging og planlegging av konkrete tiltalt og arrangement i åra som kjem.

April 28, 2026